Velg en side
  1. Hjem
  2. Nyhetene
  3. Me feirar verdas våtmarksdag

Me feirar verdas våtmarksdag

01. februar 2018

Søndag 4. februar feirar me verdas våtmarksdag på Friluftsfyret Kvassheim og Mostun natursenter!

Ta med deg familien og ta turen til Kvassheim eller Mostun for ein triveleg søndag for heile familien!

På Mostun Natursenter og naturkaféen har me denne dagen ope mellom 12.00 og 15.00. Her fyrer me opp bålpanna ute og slik at du kan varme deg og grille pinnebrød ved bålet – me sel deig. Håkon og Sissel er til stades her heile dagen for spørsmål om våtmark. Kom å snekre deg ein fuglekasse og få deg ein kopp varm saft! Sjå arrangementet på Facebook. 

På Friluftsfyret Kvassheim serverer me våtmarkssuppe, snekrar fuglekassar, låner ut kikkertar og arrangerer fuglebingo. Naturveiledar Rakel er tilstades heile dagen for å snakke om fuglar og våtmark. I tillegg kan du i Friluftsfyrets 3.etasje besøke den flotte våtmarksutstillinga vår. Opplegget varer frå 12.00 til 15.00, men Friluftsfyrets utstillingar og kafé har ope 11.30-16.00. Sjå arrangementet på Facebook.

Kva er våtmark?

Våtmark er eit vidt omgrep. Fellesnemnaren for dei er at områda store delar av året er fuktige eller overflaumde av vatn. Som våtmark kan me mellom anna rekne myrar av alle slag, elvedelta og grunne elvestrekningar, grunne småvatn, sumpar, vegetasjonsrike tjern og innsjøar, fjøre- og gruntvassområde langs kysten og grunne bukter og vikar i større innsjøar.

Våtmarkene omfattar ei rekkje naturtypar som har høg biologisk produksjon og eit stort artsmangfald. Dei er viktige hekke- og rasteplassar for mange fugleartar, særs vadefuglar, og er levestad for fleire sjeldne planteartar. Trass i dei naturverdiane som våtmarkene representerer, er det knapt nokon naturtype som har vore meir utsett for inngrep frå mennesket si side. I dag er våtmark ein av dei mest truga naturtypane me har.

Verdas våtmarksdag

Den internasjonale våtmarkskovensjonen vart signert i Ramsar, Iran 02.februar 1971. Målet med konvensjonen er å bidra til bevaring og fornuftig bruk av verdas våtmarker. Noreg var i 1974 ein av dei fyrste som slutta seg til konvensjonen. Som ein del av denne avtalen har Noreg eit internasjonalt ansvar for å forvalte dei 63 Ramsar-områdene i landet på ein god måte. Jæren våtmarkssystem består av heile 23 Ramsar-område og har store verneverdiar i m.a. eit rikt fugle- og planteliv.

Bli med oss og feire dei verdifulle våtmarkene og Ramsar-avtalen du óg!

Her finn du meir informasjon om verdas våtmarksdag.

Forrige nyhet

Nå er tiden for å rengjøre fuglekasser

24. januar 2018

Er du blant de som har vært på fuglekassesnekring hos oss? Nå på vinteren anbefaler vi at kassen rengjøres slik den er klar for ny sesong og nye leietakere.

Neste nyhet

Folkefest på verdas våtmarksdag

06. februar 2018

Strålande sol og besøksrekord for markeringen av verdas våtmarksdag.