Bli med på ein dag ved havkanten!
Søndag 7. september inviterer me til ein gild aktivitetsdag ved Kvassheim fyr – der bølgjene, vinden og historia møtest.

Denne søndagen får både små og store sjansen til å bli betre kjent med fuglelivet, sjøredningshistoria, oppleva kystkulturen på nært hald og delta på mange aktivitetar. Opplev fyret frå innsida, kjenn lukta av salt sjø og høyr forteljingane om dei dramatiske redningsaksjonane langs Jærkysten.
For dei yngste:
Eliasbåten legg til kai – klar for å spre glede!
Høgdepunkt for dagen:
– Bygg din eigen båt – og test den på vatnet etterpå.
– Lag din eigen rakett og send han susande opp i lufta.
– Prøv deg på natursti, spleising, tauringar og mange andre kjekke utfordringar.
– Møt ornitolog Øyvind Gjerde og lær om trekkfuglane som stoppar på Jæren.
– Ta del i guida tur kl. 12 med Egil Harald Grude: historier frå sjøredninga si storhetstid.
– Kl. 14 blir det organisert plantevandring med Oddvar Bilstad
Me fortel òg historia om Ingermanland, det russiske skipet som i 1842 dreiv frå Kristiansand og forliste ved Jæren – ei dramatisk hending som sette djupe spor i lokalhistoria.
Kaféen på Kvassheim fyr med god mat og drikke – perfekt for ein pause med utsikt over havet.
Det er få parkeringsplassar ved fyret. Det vil gå gratis skyttelbuss frå Vigrestad stasjon kvart på og kvart over med første avgang 10.45 og siste kl 13.30. Avgang frå fyret heil og halv med siste avgang kl 15.00.
Arrangørar:
Jærmuseet, Jæren friluftsråd, Besøkssenteret Våtmark Jæren, Hå historielag og Jæren kystlag.
Nyeste nyheter
- Bli med på ein dag ved havkanten!
- Vellykket flaggermussafari på Mostun
- Bli med på høstens fugleturer ved Kvassheimbukta
- Kongen i statsråd har i dag vernet Mosvatnet som naturreservat
- Barnas våtmarksdag på Orre
- Tilbud til alle barnehager!
- Våtmarksløftet er med på Verdens Kuleste Dag
- Flaggermussafari på Mostun
Vellykket flaggermussafari på Mostun
26. august 2025
Flaggermusinteressen er stor, og det er kjekt å se at både små og store kom på flaggermussafarien vi arrangerte forrige fredag.
Kontakt oss
Besøkssenter våtmark Jæren
Våre tre avdelinger: Kvassheim, Orre og Mostun.
Kontor- og postadresse: Mostun, Henrik Ibsens gate 59, 4021 Stavanger
Tlf.: +47 977 12 253
Epost: post@bvj.no