Jærstrendene

Havert (Halichoerus grypus) og steinkobbe (Phoca vitulina) på Kjørholmane.
Foto: Roy Mangersnes

Frå Tungenes i Nord til Ogna i sør er Jærstrendene og sjøen utanfor eit stort og unikt naturområde. På sand- og steinstrender, sanddyner, holmar og skjær er det eit heilt spesielt fugle- og planteliv du ikkje finn makan til i resten av landet.

Rott, Håstein og Buøy

Det finst historiske kjelder frå 1700-talet som skildrar tusenvis av sjøfugl på Rott, men ein rotteinvasjon for hundre år sidan gjorde at bestandane raste nedover. Sjølv om rottene blei utrydda og fuglelivet freda, er Rott ein skugge av det fugleværet ein gong var. Det står betre til på Håstein og Buøy, som er viktige hekkeområde for sjøfugl som sildemåke, toppskarv, teist og havhest. Åtte av holmane er fuglelivsfreda, og du kan ikkje gå i land i hekketida. Mange sjøfuglar er i dag i tilbakegang på grunn av matmangel, klimaendringar og færre hekkeområde. Verneområde er eit viktig tiltak for at dei skal overleva.

Fugleøyer som Håstein får ein fargerik flora av all fuglegjødslinga. Her med strandsmelle (Silene uniflora), strandnellik (Armeria maritima) og raud jonsokblom (Silene dioica).
Foto: Per Kristian Austbø

Kjørholmane

Kjørholmane var det første naturreservatet som blei oppretta i Rogaland i 1970. Det er tusenvis av skarv på holmane, saman med alkefugl som alke, teist og lomvi. Tidlegare var det lundefugl, men som langs mykje av norskekysten har han gått tilbake på grunn av matmangel som følgje av overfiske og klimaendringar.

Havhesten (Fulmarus glacialis) tilbringer nesten heile livet på vengene over havet. Når den er på land er det for å hekka, noko den gjer på Håstein.
Foto: Thor Due, Natur og Ungdom

Børaunen

Randabergs Ramsarområde er eit tusenvis av år gammalt kulturlandskap med menneskelege spor tilbake til steinalderen. Planter og fugl er freda i området. Fuglane blei verna mot jakt og eggsanking allereie på 40-talet, då Rogaland Naturvernforbund og grunneigarane ville ta vare på det rike fuglelivet.

Børaunen er eit karakteristisk landemerke, ei 300 meter lange landtunge og stormvollen som stikk ut i Sandebukta.
Foto: Per Kristian Austbø