Våtmark i Hafrsfjord

Grannesbukta er eit stort grunt sjøområde inst i Hafrsfjord.
Foto: Marius Harlem

I Hafrsfjord er det tre naturreservat som for det meste dekker grunne sjøområde. Når det er fjøre blir store mudderflater tilgjengelege for fuglane, som tar for seg av virvellause dyr som fjøremark. Fuglane vekslar på å bruka dei tre reservata og resten av fjorden.

Hagavågen

Det er registrert rundt 170 fugleartar i Hagavågen naturresevat, nordvest i Hafrsfjord. Her veks òg den sjeldne planta dvergålegras, som berre er kjent frå 13 stader i Noreg. Det veks i fjøresona, og er ein prioriter art etter naturmangfaldlova. Arten er vurdert som sterkt truga (EN) på raudlista, på grunn av utbygging, utfylling og forureining av strandsona.

Dvergålegras (Zostera noltei) og fjøremark (Arenicola marina). Dei pølseforma sandhaugane er faktisk avføringa til fjøremarken. Den sug vatn og sand gjennom munnen som den filtrerer for mat, og etterlèt seg sanden.
Foto: Jan van der Straaten

Strandnesvågen

Mange fuglar kjem innom Strandnesvågen under vår- og hausttrekket, deriblant sjeldne artar som lappspove, myrsnipe, gluttsnipe og brushane. Sidan naturreservatet for det meste er sjø, og det ligg dyrka mark på alle kantar, er det få stader for hekkefuglar, men strandlinja har heldigvis få inngrep.

Storspove (Numenius arquata) er ein våtmarksfugl som kan treffast i Hafrsfjord om vinteren.
Foto: Charles J. Sharp

Grannesbukta

Grannesbukta blir eit stort tørrlagt mudderområde når det er fjøre. På land er det strand- og sumpeng med spesielle planter. Området blir brukt av mange fuglar, deriblant sjeldne artar som svarthalespove, tundralo og dvergsnipe. Grannesbukta er tett på menneskeleg aktivitet, og artane er sårbare for forstyrring og forureining frå jordbruk, vegar og fyllingar.

Sandlo (Charadrius hiaticula) er ein søt, liten vadar.
Foto: Roy Mangersnes