Myra
Storamyr i Sola er ei av dei få torvmyrene som er igjen på Jæren.
Foto: Erik Thoring
Storamyr
Storamyr i Sola kommune er ei av dei få torvmyrane som er att på Jæren. Ho er brukt av mange fugleartar under trekk, overvintring og hekking. Myra har tidlegare vore drenert og torvskjert for brensel, men blitt restaurert i seinare tid.
Enkeltbekkasin (Gallinago gallinago) er sky, og kan plutseleg fyka opp framføre deg.
Foto: Rune S. Karlsen
Vigremyr
Vigremyr er ei av dei siste rikmyrene på Jæren. Rikmyr betyr at det er god næringstilgang for plantene, som følge av marine avsetningar av skjellsand. Myra har mange sjeldne planter, blant desse raudlisteartar. Raudlista er oversikta over artar som er truga av utrydding i Noreg.
T.v. Det vakre hjartegraset (Briza media) treng opne område som Vigremyr. Foto: Hajotthu, Wikimedia Commons T.h. Engmarihand (Dactylorhiza incarnata) er ein sjeldan orkidé som veks på kalkhaldig open mark. Foto: Gail Hampshire
Linemyr
Ei fattig torvmyr i Time. Linemyr slit med attgroing med bjørk og vier, og er avhengig av skjøtsel for å ikkje gro att. Det er registrert 59 fugleartar på myra, men stadig færre våtmarksfugl.
Duskmyrull (Eriophorum angustifolium) er ein typisk myrplante.
Foto: Fährtenleser, Wikimedia Commons