Grunt og næringsrikt
Søylandsvatnet er svært grunt, med mykje takrøyr rundt.
Foto: Erik Thoring
Søylandsvatn
Søylandsvatn naturreservat er svært grunt, mange stader berre ein halv meter. Det er mykje sporvefugl i takrøyrskogen, men artane som treng ope landskap har gått tilbake. I 1975 hekka 2300 par hettemåker på holmane i vatnet, nå er dei gjengrodd og måkene borte. Det er registrert svært mange sommarfuglar rundt vatnet, heile 220 artar.
Skjeggmeis (Panurus biarmicus) er ein sjeldan fugl observert i reservatet.
Foto: Radovan, wikimedia commons
Bjårvatn
Bjårvatn naturreservat ligg i ruta til trekkfuglane, som òg har kort veg til fjøresteinane og sanddynene på Brusand. Det er mykje andefugl i vatnet, i tillegg til laks, aure, stingsild, flyndre og ål. Rundt og i vatnet veks eit mangfald av planter, lav, mose og sopp. Vasskvaliteten slit på grunn av avrenning frå jordbruket, men òg på grunn av den invasive arten smal vasspest.
Smal vasspest (Elodea nuttallii). Ei problematisk plante som dannar tette matter på vassoverflata og utkonkurrerer stadeigne vassplanter.
Foto: Petra Pohjola, Länsstyrelsen Nordbotten
Harvalandsvatn
Harvalandsvatnet er ein grunn innsjø som ligg i ei gammal daudisgrop, gravd ut av isbreen. Han er ikkje djupare enn ein meter, og overflata er dekt av flyteplanter som nøkkerose og tjønnaks. Vinterstid er det store mengder ender, dykkar og gjess. 242 forskjellige planter er registrert i reservatet.
Knekkanda (Spatula querquedula) hekkar i Harvalandsvatnet og er sterk truga (EN) på raudlista.
Foto: Roy Mangersnes