Fugleparadiset

Orrevatnet er eit mekka for vassfugl.
Foto: Roy Mangersnes

Lonavatn

Lonavatnet er ein del av Figgjovassdraget, og det rennande vatnet skaper isfrie område vinterstid. Det er eit godt overvintringsområde for ender og svaner, og det er for øvrig registrert 133 forskjellige fugleartar her. I Lonavatn er det òg elvemusling og laks.

Over ein fjerdedel av alle elvemuslingar (Margaritifera margaritifera) i Europa finst i Noreg. Den treng reine elver og gode laks- og aurebestandar, muslinglarvene bruker nemleg fisken til å spreia seg.
Foto: Bjørn Mejdell Larsen, NINA

Orrevatn

I 2017 var det registrert 298 artar i Orrevatnet, som den femte mest artsrike fugleplassen i Noreg. Det kan vera tusenvis av ender i vatnet, og det dukkar ofte opp sjeldne trekkgjestar. Innsjøen er grunn, næringsrik og full av fuglemat. I og rundt vatnet er det fleire sjeldne og raudlista planter som soleiegro, dverglin og mjukt havfruegras.

Svarthalespove (Limosa limosa) er kritisk truga og ein av få prioriterte artar i Noreg. Det betyr at han har eit ekstra vern og styresmaktene skal legga inn ein ekstra innsast for å sikra overlevinga.
Foto: Andreas Trepte

Smokkevatn

Fuglelivet i Smokkevatn blei verna mot jakt allereie på 40-talet. Det var på høg tid, for som mange andre innsjøar på Jæren var det blitt nedtappa. Det gjekk hardt utover vadefugl som raudstilk og myrsnipe. I dag er det registrert 161 fugleartar i naturreservatet, 68 av dei hekkande. Det er eit rikt planteliv med 214 artar, og av fiskeartar finst stingsild og ål.

Europeisk ål (Anguilla anguilla) gyt og veks opp i Sargassohavet, nordaust for Cuba. Han må vandra langt før han som vaksen endar opp i våre vassdrag.
Foto: Erling Svensen