Innsjøane
Grudavatnet (bak) er forbunde med Figgjovassdraget, og ved flaum òg med Vasshusvatnet i framkant av biletet.
Foto: Marius Harlem
Grudavatn
Grudavatn blei det første våtmarksreservatet i Rogaland i 1974. Det ligg i nedre del av Figgjovassdraget. Låg vasstand avdekker store mudderflater med masse mat for vadefugl. Per 2017 var det registrert 248 forskjellige artar i reservatet.
Lappfiskanda (Mergellus albellus) er ein vakker vintergjest i Grudavatn. Den kjem hit heilt frå Sibir.
Foto: Claire Spelling
Alvevatn
Alvevatnet er registrert som rik kulturlandskapssjø – ein svært artsrik naturtype. Det er registrert over 100 fugleartar og 167 planteartar i naturreservatet, fleire raudlista. I 1920 blei vasstanden i Alvevatnet senka. På grunn av gjødseltilsig har det grodd meir til i seinare år. Mange sporvefuglar trivst i takrøyrskogen langs innsjøkanten, men talet på vassfuglar har gått tilbake.
Sivhauken (Circus aeruginosus) er ein sjeldan rovfugl som har etablert seg ved Alvevatn.
Foto: Paco Gómez
Øksnevadtjørn
Frå 1937 til 90-talet blei vassarealet i Øksnevadtjørn redusert med over 95 % på grunn av nedtapping, drenering og gjengroing. For å redda vatnet blei det fjerna takrøyrskog, skog og kratt, og innsjøen blei gravd ut for å bli djupare. Etterpå har fugle- og plantelivet tatt seg opp. Her er det òg registrert ein rik insektsfauna, med til dømes 34 forskellige artar av blomsterfloger.
Blomsterfloger (Syprhidae) ser ut som veps, men dette er eit triks for å skremma vekk rovdyr! På engelsk heiter dei «hoverflies» fordi dei står stille i lufta. Dei er viktige pollinatorar.
Foto: hedera.baltica, flickr