Våtmarker i tilbakegang
Mange våtmarksområde har forsvunne på grunn av grøfting og drenering for å dyrka mat eller planta skog. Biletet er av forureina myrgrøfter tett inntil Alvevatn naturreservat. Foto: Erik Thoring.
Redningsaksjonen
Dei første våtmarksresevata i Rogaland kom på 70-talet. Det var på høg tid, då dei menneskeskapte inngrepa på Jæren hadde auka i omfang. Etterpå har det blitt fleire verneområde og dei jærske våtmarkene har fått internasjonal vernestatus. Det har vore viktige tiltak for å sikra utrydningstruga artar.
To døme er hettemåke (Chroicocephalus ridibundus) og myrflangre (Epipactis palustris). Hettemåkene pleide før å hekka over heile Jæren, men er nå vurdert som kritisk truga (CR). For å hindra at dei døyr ut må me restaurera hekkeplassane deira og ta ut rovdyr som rev og mink. Myrflangre veks på ekstremrike myrer i låglandet, og har gått tilbake på grunn av grøfting og oppdyrking. Den er vurdert som sterkt truga (EN).
Hettemåke (Chroicocephalus ridibundus).
Foto: Alexis Lours
Trugsmål i dag
I dag er våtmarkene våre truga av nedbygging, til bustader, næringsområde, vegar og kraftverk. Nedbygginga gjer at områda blir oppdelte, og dei spesialiserte artane som lever der blir isolerte og sårbare for å døy ut. Forureining frå jordbruk er òg eit trugsmål, kor avrenning av næringsstoff gir algevekst og gjengroing av innsjøar. Eit anna problem er framande artar som fortrenger det naturlege plantelivet.
Vipe (Vanellus vanellus) er avhengig av våtmarker, og er nå i sterk tilbakegang.
Foto: Victor Alvarez Moles
Kva kan me gjera?
Dei fleste våtmarkene i Rogaland er ikkje verna. For så sikra desse viktige naturområda bør ein etablera fleire reservat og restaurera område som i dag er forringa, til dømes ved å opna gjengrodde marker og heva vasstanden. Større kantsoner med vegetasjon mellom jordbruksland og vassdrag og innsjøar vil òg hjelpa. Framande artar som trugar naturverdiane, til dømes mink og kjempespringfrø, må nedkjempast.
Myrflangre (Epipactis palustris).
Foto: Roy Mangersnes