Fest på tarevollen

Har du gått langs jærstrendene har du truleg kjent den sterke lukta av ein rotnande tarevoll før du har sett han. I taren blir det gode forhold for flogelarver og andre virvellause dyr, som mange vadefugl slik som myrsnipa (Calidris alpina) nyt godt av.
Foto: Roy Mangersnes

Kolnes

Litt nord for Solastranda ligg Kolnes fuglefredningsområde, eit parti med holmar, skjær og grunner som historisk er kjent for å ha forårsaka mange skipsforlis. Sjøfuglane derimot, stortrivst. Dei hekkar på holmane og finn mat på grunna. Lenger ute kan du sjå sel.

Kolnes er ein av plassane skjærpiplerka (Anthus petrosus) er mest talrik. Ho finn mat mellom grastustar, steinar og tarevollar.
Foto: vcebollada, wikimedia commons

Orre-Reve

Revtangen og Orreosen er eit av dei viktigaste stoppa for trekkande vassfugl. Revtangen var ein av dei første plassane i Noreg som blei isfri for 15 000 år sidan, og her finn me den lengste samanhengande sandstranda i Noreg på fem kilometer. Bak sanddynene er det spesiell vegetasjon, sårbar for tråkk.

Etter kvart som du går opp frå sandstranda byrjar marehalm (Ammophila arenaria) å dominera dynelandskapet på Jærstrendene. Her frå Nærlandsstranda.
Foto: Ryan Hodnett

Skeie-Nærland-Håtangen

Utløpet av Håelva i havet er svært produktiv for planter, fuglar og fisk. Her kjem laksen inn etter å ha vore i Atlanterhavet for å eta seg feit. Området er elles prega av sand- og rullesteinsstrender, med marehalm lenger inn som gjer at sanden ikkje bles vekk.et.

Utløpet av Håelva.
Foto: Roy Mangersnes