Kontakt oss

Besøkssenter våtmark Jæren

Våre tre avdelinger: Kvassheim, Orre og Mostun.
Kontor- og postadresse: Mostun, Henrik Ibsens gate 59, 4021 Stavanger

Tlf.: +47 977 12 253
Epost: post@bvj.no

www.bvj.no

RAMSAR – Våre unike våtmarker

Jærstrendene er del av eit internasjonalt våtmarksområde. Titusenvis av fuglar overvintrar eller trekk gjennom her. Foto: Roy Mangersnes

Visste du at Jæren har natur som er heilt unik i verdssamanheng? Myrene, elvene, innsjøane og strendene har eit heilt spesielt naturmangfald som me har eit særleg ansvar for å ta vare på. Du finn ei våtmark der vatn møter land, slik som i myrer, sumpar, grunne innsjøar, strender og strandenger. Våtmarker dekker seks prosent av landjorda, men heile 40 % av alle dyr og planter lever eller reproduserer seg i slike område.

Våtmarkskonvensjonen

Ramsar er ein by i Iran kor den internasjonale konvensjonen om bevaring av våtmark blei underteikna i 1971. Den kallast òg for Ramsarkonvensjonen. I 2023 er 172 land medlem, og det er etablert 2471 internasjonale våtmarksområde (Ramsarområde) som til saman dekker over 2,5 millionar km2. At eit område er verna under konvensjonen betyr ikkje automatisk at det er freda, men den spesielle statusen gjer terskelen høgare for å tillata inngrep.

Bjørnøya er eit Ramsar-område i Arktis. Trekkfuglane er innom fleire slike område på den lange ferden sin, og bryr seg ikkje om landegrenser. Derfor er det internasjonale vernet viktig. Foto: Sigurd Gautun, Natur og Ungdom

Våre bidrag til verdas naturarv

Ramsarområdet på Jæren heiter Jæren våtmarkssystem. Det er eit av dei 63 Ramsarområda som finst i Noreg. Jæren våtmarkssystem er eit nettverk av 23 innsjøar, myrer og gruntvassområde. Mange av dei er verna som naturreservat eller landskapsvernområde med fredning av plante- og fugleliv. Eit slikt landskapsvernområde er Jærstrendene. Ein del av våtmarkene på Jæren ligg utfor kysten, som grunne sjøområde mellom øyer og holmar.

Grannesbukta er eit stort grunt sjøområde inst i Hafrsfjord. Foto: Marius Harlem

Besøkssenter Våtmark

A Mostun natursenter
B Orre friluftshus
C Kvassheim friluftsfyr

Jæren våtmarksystem

1 Alvevatn, Klepp
2 Orrevatn, Klepp
3 Lonavatn Klepp/Sandnes
4 Øksnevadtjørn, Klepp
5 Orre-Reve, Klepp
6 Grudavatn, Klepp
7 Skeie, Klepp
8 Bjårvatn, Hå
9 Søylandsvatn, Hå
10 Brusand-Ogna, Hå
11 Kvassheim, Hå
12 Nærlandstangen-Obrestad, Hå
13 Vigremyr, Hå
14 Hagavågen, Sola
15 Grannesbukta, Sola
16 Strandnesvågen, Sola
17 Harvalandsvatn, Sola
18 Storamyr, Sola
19 Kolnes, Sola
20 Linemyr, Time
21 Smokkevatn, Time
22 Børaunen, Randaberg
23 Kjør-Rott-Håstein, Sola

 

Kart: Ellen Jepson