Velg en side
  1. Hjem
  2. Nyhetene
  3. Sigrid er ny naturrettleiar

Sigrid er ny naturrettleiar

24. januar 2020

Besøkssenter våtmark Jæren driv med spanande undervisning for elevar i alle aldre. Undervisninga dreiar seg om våtmarksområda på Jæren og alt liv som finst der.

Sigrid Tveitnes (28) frå Jørpeland er ny naturrettleiar ved Besøkssenter våtmark Jæren. Ho tek over for Heidi Goa, som nå skal attende til lærarstillinga hennar ved Bore ungdomsskule. 

Sigrid har ein mastergrad i biologi frå Universitetet i Bergen med spesialisering i biodiversitet, evolusjon og økologi. Ho har tidlegare vore tilsatt ved VilVite, Bergen vitensenter AS. 

– Å formidle naturvitenskap på ein morosam og interagerande måte er noko som eg lenge har interessert meg for, og verdsett høgt. Eg gler meg utruleg mykje til å kunne undervisa biologi og naturdag ute i felt, på dei fantastiske sentra Besøksenter våtmark Jæren dekkar. 

Forrige nyhet

Arrangementsoversikt våren og sommaren 2020

24. januar 2020

Feiring av verdas våtmarksdag, vårfugltur, kunstutstilling og mykje meir! Sjekk ut det kjekke programmet vårt for denne våren/sommaren!

Neste nyhet

Arrangement og undervisning avlyses til og med påske

16. mars 2020

Arrangement og undervisning avlyses til og med påske.