Velg en side
  1. Hjem
  2. Nyhetene
  3. Rakel er ny naturveiledar

Rakel er ny naturveiledar

05. januar 2018

Besøkssenter våtmark Jæren tilbyr spennende undervisning for elever i alle aldre. I 2018 starter vi med undervisning om kråkene i våtmarken.

Rakel Alvestad (28) frå Vestre Bokn er ny naturveiledar ved Besøkssenter våtmark Jæren. Ho overtek etter Cecilie Notø, som nå arbeidar ved Besøkssenter våtmark Ilene og Besøkssenter nasjonalpark Færder.

Rakel har ein mastergrad i biologi frå NTNU med spesialisering i økologi, åtferd og evolusjonsbiologi. Ho har i fleire sesongar vore feltassistent for SEAPOP-prosjektet ved ein sjøfuglkoloni i Vesterålen. Det siste året har ho jobba som avløysar på familien sin sauegard og som ekstrahjelp ved eit lokalt oppdrettsanlegg. Rakel har sertifikat både som dykkar, båtførar og jeger.

– Å formidle naturkunnskap er både viktig og spanande. Mange er nok ikkje klår over kor mykje liv det er i og ved våtmarkene på Jæren. Det ser eg fram til å fortelje om, seier Rakel. I løpet av dei tre siste åra har Cecilie Notø utvikla ei lang rekkje undervisningsopplegg som har blitt godt motteke av lærare og elevar på Jæren, som Rakel nå overtek. Opplegga er tufta på leik og læring om våtmark i uteromma på Mostun, Kvassheim og Orre. 

Forrige nyhet

Undervisningsåret 2018 er i gang

05. januar 2018

Besøkssenter våtmark Jæren tilbyr spennende undervisning for elever i alle aldre. I 2018 starter vi med undervisning om kråkene i våtmarken.

Neste nyhet

Arrangementsoversikt våren 2018

07. januar 2018

Fuglekassesnekring, humledag og guidet fugletur. Velkommen til Besøksseter våtmark Jæren våren 2018.