Velg en side
  1. Hjem
  2. Nyhetene
  3. Med ein ornitolog langs Mosvatnet

Med ein ornitolog langs Mosvatnet

04. juni 2018

Langs Mosvatnet har det vorte registrert nærmare 150 ulike fugleartar. Ungdomsskuleelevar i Stavanger lærer i desse dagar meir om dette unike fuglelivet av ornitolog Øyvind Gjerde.

No yrer det av liv i og ved Mostvatnet, då travle fugleforeldre ilar fram og attende til reira for å mate ungane sine. Mange hannfuglar har også vengjene fulle med å hevde territoriet sitt, og syng av full hals for å halde unna potensielle inntrengarar.

Ungdomsskuleelevar frå Stavangerskulane er i desse dagar på tur med ornitolog Øyvind Gjerde langs Mosvatnet for å lera meir om fuglelivet her. Utstyrt med kikkertar stoppar dei for å høyre og sjå etter kva som syng i trea rundt. Øyvind tek føre seg både vanlege og sjeldsynte fugleartar som lev langs vatnet, og dei unike eigenskapane nokre av dei har. Ta til dømes tårnseilaren, som kan halde seg på vengene i heile 10 månader i strekk og landar berre for å leggje egg! Eller den dyktige sangaren, svarttrosten, som “med sin melankolske song kan forvandle ein bakgård til ein katedral» som berre Øyvind så vakkert kan seie det.

Også tidleg kl.6 ein laurdagsmorgon i mai, møtte 30 stykker opp for saman med Øyvind å kunne lera seg namnet på dei fuglane som stemmer i i morgonkoret ved Mosvatnet. Då er det fantastisk greitt å kunne ha med seg eit levande fugleleksikon!

 

Forrige nyhet

Besøk Norges lengste sandstrand i sommer

23. mai 2018

Visste du at Orrestranda er Norges lengste og også en av landets reneste? 

Neste nyhet

Humlesus på Orre

18. juni 2018

I Noreg er me så heldige å ha heile 35 ulike humleartar. Søndag var humleekspert Maria Fotland Løvik på Friluftshuset Orre for å lære oss meir om dei.