Velg en side
  1. Hjem
  2. Nyhetene
  3. Kråkeskulen er ferdig for i år

Kråkeskulen er ferdig for i år

01. mars 2018

Øyvind Gjerde er ekspert på kråkefuglane og deira vanar her i distriktet. Han er ein av våre trufaste føredragshalderar og har sidan januar undervist nærmare 350 elevar frå ungdoms- og vidaregåande skular i Stavanger! 

Om vinteren samlast det kvar kveld omlag 20.000 kråker og kaier for å overnatte ved Mosvatnet. Det er eit spektakulært syn å sjå dei flyge inn mot vatnet ifrå alle kantar på ettermiddagen. Her sett dei seg på nattekvist og flyg ut igjen neste morgon, etter ein ganske høglytt morgondrøs. Kråkene rundt Mosvatnet dannar ein av landets, og Rogalands desidert største natteflokk. Men kvifor samlast dei her, nermast midt i Stavanger sentrum? 

Det er få, om nokon, som har meir kunnskap om kråkefuglar og kvar dei lokale fuglane trekk til og frå, enn Øyvind. Difor er me utruleg takksame for at han vil kome å dele det han kan med elevar i området her hjå oss. Undervisninga vart runda av i dag etter 13 klassar med totalt om lag 350 elevar på besøk. Takket være formidlinga hans vil nok mange blikk løfte seg frå stien rundt Mosvatnet og opp til tretoppane, med ny fascinasjon for denne fuglen me elles sjeldsynt heftar oss ved. 

 

Forrige nyhet

Folkefest på verdas våtmarksdag

06. februar 2018

Strålande sol og besøksrekord for markeringen av verdas våtmarksdag.

Neste nyhet

De store fuglekassefesten

06. mars 2018

Søndag 4.mars var det duka for fuglekassefest på Mostun natursenter med, snekring og maling av fuglekasser.