Velg en side
  1. Hjem
  2. Nyhetene
  3. Humlesus på Orre

Humlesus på Orre

18. juni 2018

På vårens siste arrangement var me tett på humlene våre. Med humleekspert tilstades kunne ein kjenne på den mjuke humlepelsen og nyte den herlege summinga frå levande humlebol – verdas viktegaste summetone!

Humleekspert Maria Fotland Løvik har skrive mastergraden sin på pollinerande insekt og jobbar med oppdrett av humler og for NIBIO…ho kan nok meir om humler enn folk flest. Søndag la ho turen til Orre for å fortelje meir om humleartane våre, korleis dei lev og kva dei styrer med – og korleis får du eigentleg ei dronning til å flytte inn dersom du byggjer ein humlekasse? (Hint: bruk eit gammalt musebol)

Maria hadde med daude humler slik kunne ein kjenne på den mjuke pelsen deira og sjå skilnaden i storleik mellom ei dronning og arbeidarane hennar. Dei som ville fekk også setje humler på ei nål og ta dei med seg heim. Det var også høve for å kjøpe med seg ein humlekasse og prøve å lage eit humlebol som tilfredsstiller dronningas behov når ho skal danne ein ny koloni. Her er det nemleg virkelig innsida som gjeld! 

Det var intet mindre enn fire summande humlebol rundtomkring på friluftshuset, til stor glede og fascinasjon for alle som var tilstades. Dette var bol med oppdrettshumler, norske humler som har blitt domestisert for å nyttast i matproduksjon. Når bolet når ein viss storleik vert det solgt til ulike veksthus og humlene får jobben med å pollinere blomar slik at det veks fram grønnsaker. Til dømes så er det her på Jæren mesteparten av norskproduserte tomater kjem frå, og desse kan du altså takke humlene for!

Me takkar Maria for at ho kunne komme, og nyt humlesuset litt ekstra utover sumaren. 

Forrige nyhet

Med ein ornitolog langs Mosvatnet

04. juni 2018

Det er registrert omlag 150 ulike fugleartar ved Mosvatnet, ornitolog Øyvind Gjerde lærar lokalbefolkninga meir om desse.

Neste nyhet

Arrangementsoversikt hausten 2018

20. juni 2018

Ringmerking, fotokurs og juleverkstad. Velkommen til Besøkssenter våtmark Jæren hausten 2018!