Velg en side
  1. Hjem
  2. Nyhetene
  3. De store fuglekassefesten

De store fuglekassefesten

06. mars 2018

Til stor glede for både store og små vart det søndag 4.mars arrangert “fuglekassefest” på Mostun natursenter.

 

Det vert jo ikkje ordentleg fuglekassefest utan snekring av fuglekassar, så dette stod øvst på menyen denne dagen. I tillegg kunne ein etterpå bevege seg nokre få meter bort til malestasjonen for å male den nysnekra kassen i alle regnbogens fargar. Gjett om det vart laga mange flotte kunstverk på kassane!

Det var og høve for å spele fuglebingo basert på dei fugleartane som finst rundt natursenteret no på vinterstid, og for å halde varmen på denne klare vinterdagen var det sett opp to bålpanner for å steikje seg pinnebrød eller få seg glas varm saft.
Inne på Naturkaféen vart opptak frå blåmeisane som budde fuglekassen vår tidlegare vist på storskjerm. På store papirflater på golver kunne ungane teikne sine eigne naturlandskap, medan vaksne fekk varmen, og ein kopp kaffe eller ei vaffel.

Me takkar over 500 besøkande for at dette vart ein fantastisk dag med mykje liv og fargar, og håper me sjåast ved neste arrangement.
Neste arrangement vert forøvrig trekkfugldagen ved Friluftsfyret Kvassheim i Hå kommune søndag den 18.mars. Då finn du oss langs stien nedanfor fyret med kikkertar, teleskop og oppslagsverk for å vise dykk alle dei fine trekkfuglane som er på veg nordover igjen. Følg oss på Facebook for oppdateringar om arrangementet.

Forrige nyhet

Kråkeskulen er ferdig for i år

01. mars 2018

Kråkeekspert og ornitolog Øyvind Gjerde rundar av årets kråkeforedrag etter nesten 350 underviste elevar sidan januar.

Neste nyhet

Trekkfugldag på Kvassheim

19. mars 2018

Trekkfuglane kjem attende med løfter om vår! Me var på plass i Kvassheimsbukta med teleskop og kikkertar for å ta ein nærmare kikk på dei.