Vilt, vakkert og vått

På Kjørholmane er det samla skarv i store flokkar. Dei finn mat i dei produktive gruntvassområda på Jæren.
Foto: Roy Mangersnes

Våtmarkene på Jæren er nokre av dei viktigaste fugleområda i landet. Her kan dei overvintra i eit mildt klima med god mattilgang, eller rasta under trekk. Det kan vera over 20 000 individ av vade- og sjøfuglar innom om hausten, og ofte dukkar det opp sjeldne artar.

Rikt naturmangfald

Ein stor del av artane i Noreg lever i våtmarker, mellom anna 400 forskjellige planter, 300 mosar og 300 leddyr. I tillegg er hundrevis av fugleartar og andre dyr avhengige av dei. Våtmarkene er viktige for mange spesialistar som ikkje har andre levestadar, og ein av ti artar som er utrydningstruga i Noreg lever i våtmark. Dei jærske våtmarkene har i tillegg stor variasjon i uvanlege og sjeldne naturtypar som rikmyrer, strandenger og kalksjøar.

Småsalamander (Lissotriton vulgaris) ynglar i små vatn på Jæren.
Foto: John P. Clare

Torvmose (Sphagnum). Torvmosar dannar myrene og kan bli fleire meter djupe. Her ligg det mykje karbon lagra.
Foto: Rafael Medina

Tareskog med stortare (Laminaria hyperborea) utgjer eit viktig livsmiljø for mange artar, i tillegg til å lagra klimagassar.
Foto: Rudolf Svensen

Me er avhengige av våtmarkene

Globalt er ein milliard menneske avhengige av våtmarker for økosystemtenester som mat, arbeid, demping av flaum og reinsing av vatn. Våtmarker gir oss òg viktige naturopplevingar. Vern av våtmarker er eit viktig klimatiltak sidan dei tar opp klimagassar og reduserer oppvarminga av kloden. Det er faktisk lagra like mykje klimagassar i norske myrer som alle andre årlege norske utslepp i 66 år.

Firflekkbredlibelle (Libellula quadrimaculata). Dei største augenstikkarane hører til gruppa libeller. Firflekklibella er den vanlegaste, og lever i våtmarker over heile landet.
Foto: L. B. Tettenborn