Stein på stein
Kvassheimsbukta. Sørover Jæren er det lange strender med rullestein.
Foto: Erik Thoring
Håtangen-Obrestad-Reime
Går du langs sjøkanten frå Hå gamle prestegard og ned til Obrestad fyr ser du godt kor mykje stein isbreane frakta med seg. Ved rullesteinstrendene finst det gamle gravrøyser, og innslag av forskjellige naturtypar som myr, sump, eng og naturbeitemark. Det er registrert over 170 planteartar i området, og her hekkar fugl som gravand, raudstilk og steinskvett.
Du har kanskje møtt han på fjellet, sprettande frå stein til stein. Men steinskvetten (Oenanthe oenanthe) er òg ein fugl å treffa på i fjøra.
Foto: Craig Nash
Hårr-Kvassheim-Brusand
Hårr betyr steingrunn, eit godt namn på dette kyststrekket. Mellom steinane er det fullt av tang og tare, og området er godt for fuglekikking. Men hugs å halda avstand, sjå fuglane gjennom kikkert eller teleskop. Turen ned mot Brusand er fin, men følg eksisterande stiar for å ikkje skada plantelivet.
Den vakre havella (Clangula hyemalis) overvintrar langs Jærkysten.
Foto: Roy Mangersnes
Brusand-Ogna
Det er svært mange forskjellige naturtypar og artar langs dette området, både på strendene og i bakdynelandskapet. Området har eigna seg dårleg til oppdyrking og bygging, og derfor fått stå i fred i stor grad. Vatnet som renn ut frå Fuglestadåna (òg kjent som Rennå) kan stå høgt når det er flaum, og skaper ein stor lagune med brakkvatn.
Bloddropesvermar (Zygaenidae) på Jærflangre (Epipactis helleborine neerlandica). Jærflangre blir òg kalla dyneflangre, og veks berre på Sørvestlandet i Noreg, i bakdyner og open hei og mark.
Foto: Roy Mangersnes