Velg en side
  1. Hjem
  2. Nyhetene
  3. Trekkfugldag på Kvassheim

Trekkfugldag på Kvassheim

19. mars 2018

Trekkfuglane kjem attende, og me stilte oss opp i Kvassheimbukta med kikkertar, teleskop og oppslagsverk for å ta ein nærare kikk på dei.

 

Nok ein gong slår godværet til og viser Jæren frå si yndigste side. Dette er vårt fjerde arrangement med strålande sol i år, noko som er langt ifrå ein sjølvfølge for oss her på den vêrharde kysten!

Trekkfuglar som tjeld og vipe har meldt sin retur, og me sette opp teleskopet ved Kvassheimsbukta for å kome tettare på fuglelivet. Med hjelp frå kikkertar, teleskop og oppslagsverk fekk born som vaksne testa artskunnskapen sin og studert fuglelivet på nærare hold.

Dette er artslista over alle artane me såg i bukta denne dagen:

  • Ærfugl
  • Stokkand
  • Brunnakke
  • Kvinand
  • Gravand
  • Gråmåke
  • Svartbak
  • Raudstrupe
  • Gråhegre
  • Storskarv
  • Kråke
  • Tjeld

Utruleg kjekt med så mange nysgjerrige og kunnskapsrike born og vaksne som speidar etter fuglar med stor iver og engasjement!

 

Forrige nyhet

De store fuglekassefesten

06. mars 2018

Søndag 4.mars var det duka for fuglekassefest på Mostun natursenter med, snekring og maling av fuglekasser.

Neste nyhet

Fuglekassesnekring på Orre

24. april 2018

Over 150 elevar har vært på naturveiledning om våtmark og fuglar, og snekra seg kvar sine fuglekassar til odel og eie.